Jens Hauge i nytt kunstmuseum

Fotografi av Jens Hauge

Nye Sogn og Fjordane kunstmuseum er ramme rundt en stor retrospektiv utstilling med kunstneren Jens Hauges fotografier. Hauge har vært aktiv fotokunstner i en årrekke og bildene som vises dekker perioden fra 1970 fram til i dag.

Jens Hauge er også aktuell som en av fire fotokunstnere bak utstilling “Norsk Landskap 1987” som for tiden vises i Preus museum.

Ingrid Norum er kurator for utstillingen som åpner i Sogn og Fjordane kunstmuseum lørdag 20. oktober. I forbindelse med åpningen lanseres også boka som gir en kunstfaglig og bredt illustrert presentasjon av Jens Hauges kunstnerskap. Audun Eckhoff (direktør for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design) åpner utstillingen. Ingrid Norum har skrevet følgende tekst om Jens Hauge:

Menneske og natur
I 2012 er det 42 år sidan Jens Hauge tok sitt første fotografi. Sidan den spede byrjinga har han eksperimentert og arbeidd langs fleire parallelle og tidvis kryssande aksar. Han er kan hende mest kjend for sine stillferdige og nærast sjølvlysande landskapsbilete i svart-kvitt, men han har òg arbeidd med surrealisme i iscenesetjingar, kvardagen, organiske former og landskap. Hauge var ein av fornyarane av det norske landskapsfotografiet på 1980-talet, noko som i 1987 kulminerte i nybrottsprosjektet Norsk Landskap 87, eit samarbeid med tre andre fotografar. I den seinare tid har Hauge fotografert landskap med leikehytter og landskap tekne i fart frå buss, men òg dei nære landskapa frå Lærdal. For som mange andre fotografar, arbeider Hauge ofte med fleire seriar samstundes, over tid.

Hauge har arbeidd med fotografi i ei brytningstid prega av teknologisk utvikling og formale og innhaldsmessige omveltingar. På 1970-talet var det hovudsakleg det amerikanske modernistiske «straighte» fotografiet med fokus på reinleik som var førebiletet for norske fotografar. Biletet skulle verte til i kameraet og ikkje manipulerast. Heile negativet skulle nyttast i den ferdige kopien, og det skulle vere teikning i både høglys og skuggar. Organisering av former, flater og liner var viktig, og ein fotograferte sylskarpt i svart-kvitt. Bileta skulle ha ein subjektiv, «kunstnarleg» nerve og opphøgje kvardagslege objekt og det uspektakulære. Utover 1980-talet dreidde interessa seg gradvis over mot mindre strikte måtar å tenkje fotografi på, noko som resulterte i ein postmodernistisk eksplosjon i det norske fotomiljøet på 1990-talet. No var alt lov: fargar, manipuleringar, appropriasjonar, iscenesetjingar og hybride uttrykk. Konseptet vart viktigare enn teknisk perfeksjon, og kunstinstitusjonen, kunstnarrolla og samfunnet generelt vart dissekert av kunstnarane sine kritiske blikk. Hauge står som vi skal sjå med ein fot i kvar av desse -ismane, sjølv om hovudtyngda er i modernismen. Det skal seiast at fotografane i Noreg på 1970- og 80-talet sjølv ikkje hadde ei forståing av at dei var ein del av ei stor og dominerande og omfattande rørsle kalla modernismen. Det var ikkje før på 1990-talet, da yngre generasjonar av fotografar tok avstand frå det «straighte» fotografiske uttrykket som hadde karakterisert tiåra føre, at den norske fotomodernismen byrja å verte definert.

Hauge har hatt sitt virke i ei brytningstid mellom modernisme og postmodernisme innanfor fotografiet i Noreg. Han har forflytta seg innanfor begge -ismane, sjølv om han nok mest er ein seinmodernist. Dei surrealistisk inspirerte iscenesetjingane hans, som ofte krinsar rundt tematikken menneske versus natur, var i norsk samanheng føre si tid da dei stod i sterk kontrast til dokumentartradisjonen og det «straighte» fotografiske uttrykket som hovudsakleg prega norsk fotografi fram til langt ut på 1980-talet. På postmodernistisk vis tok Hauge i bruk verkemiddel som iscenesetjing, blits, uskarpheit og eigne konsept, noko som vart meir vanleg først på 1990-talet. I landskapsbileta er opphøginga av bitar av ordinær natur til intime og sakrale landskapsinteriør, bruken av svart-kvitt, dei omfattande seriane, stramme komposisjonane, detaljrikdomen og det store spekteret av grånyansar modernistiske trekk. Ein kan seie at Hauge sine landskap er seinmodernistiske verk som har vore med på å fornye motivkrinsen i den norske landskapstradisjonen. Fellesprosjektet Norsk Landskap 1987 har mange postmodernistiske trekk, som bruken av fargar, konsept framfor teknisk perfeksjon, det kvasivitskapelege feltarbeidet, reisa og postkorta som ein del av verket, ein nedtona «kunstnarleg» nerve og ei samansmelting av fire ulike kunstnarindivid. Men sjølv om gruppa valde eit «reint» fotografisk uttrykk og ei «objektiv» skildring, er bileta subjektive på sin måte, og trass intensjonen om å fotografere det ordinære, er mange av dei rett ut vakre. I serien med leikehyttebilete opphøgjer Hauge dei kvardagslege leikehyttene til estetiske objekt, og «straighte» modernistiske fotografiske prinsipp pregar uttrykket. Men om ein les bileta i si tid, som til dømes i lag med dei aktuelle tekstane i boka Det norske huset, så kan ein skimte ein samfunnsengasjert brodd under den vakre overflata. I den seinare tid har Hauge for andre gong sloppe litt opp på kontrollen. I bussbileta i fart nyttar han fargar og let det tilfeldige rå i opptakssituasjonen. Resultatet vert delvis uskarpt og fullt av speglingar, noko som kan forbindast med postmodernistiske kvalitetar, men Hauge gjev dei kvardagslege landskapa eit opphøgja uttrykk nært det nasjonalromantiske, og rører seg slik framleis òg innanfor ein modernistisk tradisjon.

Hauge kan sjåast som ein nyromantikar av di han ofte skildrar heimstaden, nyttar kjensler framfor intellekt i møtet med naturen, syner oss det vakre i det alminnelege, ser naturen som «et åsted for kontemplasjon og billedlig fordypelse»[iv] og ønskjer å formidle vidare dei sterke opplevingane han har i møte med naturen. Dei organiske prosessane han fangar på filmen osar av energi og lys, men har samstundes ei slags sakral ro over seg. Som mang ein romantikar før han, søkjer Hauge seg bort frå verda her og no, til ei tid da menneske og natur var tettare knytt i hop, til natur nesten utan spor av menneske, men òg til verda slik den står fram i fantasi, draum eller folketru. Både i dei surrealistisk inspirerte bileta og i dei ulike formene for landskap handlar det i djupaste forstand om relasjonen mellom menneske og natur, om å forstå det som omgjev oss.

Mer fra Morten M. Løberg

FotoVideo årets servicebedrift i Oslo

Oslo handelstandsforening har utpekt FotoVideo til Årets handels- og servicebedrift i konkurranse...
Les mer